High Fidelity

Film · 2000 · · 18. mai 2008
4/5

John Cusack har dametrøbbel i musikksentrerte High Fidelity, som også har med Jack Black og Iben Hjejle.

John Cusack har eg sansen for, bortsett frå nokon mindre gode filmar innimellom kan han verkeleg leve seg godt inn i rollene som krev eit ekstra dose menneske til seg.

I High Fidelity spelar han platebutikkeigaren som stadig møter veggen i forholda sine. Han uttrykker kjenslene sine i form av fem på topp-lister med musikk.

Musikken er så sentral og nødvendig at atmosfæren i filmen blir fullstendig prega av han.

Jack Black gjer ei av dei beste rollene sine. Iben Hjejle er mystisk og interessant.

High Fidelity 2000 plakat - Filmdagbok