High School Musical 2

Film · 2007 · · 30. juli 2010
2/5

Disney-barna frå High School Musical er tilbake i denne oppfølgjaren, som i likskap med sin forgjengar er laga for Disney Channel.

Eg likte den første filmen. Det var eit lite fyrverkeri og ei positiv overrasking. Ingen klassikar, men underhaldande og glad. High School Musical 2 følger i same spor, men kjennest også som oppgulp av det same, berre ikkje så gjennomført.

Skulen er over, og som så mange ungdomskomediar tidlegare så flyttar handlinga til ein country club kor dei fleste får sommarjobb. Dette er ein uoriginal vri eg faktisk set pris på, då det er så typisk ungdomsfilm frå 1980-talet at eg får gode assosiasjonar.

Det meste som skjer her er derimot ikkje av interesse, og songane fengjer heller ikkje nok i High School Musical 2.

High School Musical 2 2007 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land