High School Musical

Film · 2006 · · 30. september 2006
3/5

Dette er ein overflatisk og steril film produsert for Disney Channel, ein kanal som eg er langt ifrå målgruppa til. Men eg hadde det fint då eg såg denne filmen.

Det er mykje dårleg med han, så eg byrjar med det. Filmen er sterkt prega av svak playback og todimensjonale karakterar. Songstemmene høyres ut som dei er køyrt gjennom eit dataprogram nok gonger. Det heile er basert på ei banal historie som kunne ha blitt fortalt i løpet av dei 10 første minuttane.

Likevel er dette ein så glad og ungdommeleg film, som ikkje prøver å laste på oss nokon store problem. Det er ein god film til å slappe av med. Han gjer god bruk av klisjear og krev stort sett ingenting av sjåaren.

Om eg skulle velja mellom å sjå musikalar som denne eller Chicago, så er valet ganske enkelt High School Musical. Eg kan ikkje fordra musikken i Chicago, og føretrekker heller eit kunstig miljø i form av high school som i denne filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
High School Musical 2006 plakat - Filmdagbok