High Strung

Film · 2016 · · 29. november 2016
3/5

Ein ung kvinneleg dansar kjem til New York med ein draum om å bli noko stort. Ho har talent, og med det har ho fått seg eit stipend på ein av dei krevjande danseskulene i byen.

Ikkje lenge etter ho kjem til byen møter ho ein fiolinist på gata, som viser seg å vere veldig dyktig. Deira to historier blir blanda, men held også utfordringane på kvar sin kant etter kvart som filmen tar seg vidare framover.

High Strung er ein slags hybrid mellom det Step Up-filmane er, med innspel av klassisk musikk. Det vil si at han til ei viss grad prøver å vere kul, utan at det nødvendigvis fungerer så godt. Men i motsetning til Step Up-filmane er dette ein variert film.

Eg vil ikkje skryte på High Strung for mykje når det gjeld originalitet og sånt. Har du lest meir på Filmdagbok vil du uansett skjønne at originalitet ikkje er eit krav frå meg til vurderinga om ein film er god eller ikkje. Det eg vil si med dette er at blandinga du finn av ulike danseformer og musikalske innslag her, fungerer godt uavhengig av kva inspirasjonen er.

Er det ein ting som har ein tendens til å gå over hovudet på meg, så er det moderne dans på film. Det blir gjerne for spesielt, og ofte er eg innstilt på å bli imponert. Nokon av innslaga i High Strung klarer derimot å holde interessa min oppe.

Det er ikkje nok til å bli ein ekstra god film. Grunnen til dette er ikkje knytt til ein bestemt ting, men ein kombinasjon av fleire sider som kunne vore gjort litt meir ut av. Eg saknar noko meir i skodespelet, sjølv om dei er greie dei som spelar i dei viktigaste roller. Og som eg så vidt var inne på, så blir deler av filmen prega av eit forsøk på å vere kul. Som regel fungerer dette dårleg. Det er ofte godt nok å vere flink, så blir det kult i seg sjølv.

High Strung er ein kurant film om du vil sjå ein dansefilm. Han er verken blant det beste eller verste, men når eg skal plassere han på skalaen ligg han klart over middels.

High Strung 2016 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Keenan KampaNicholas GalitzineSonoya MizunoVis alle

Sjangrar

Land