Highlander II: The Quickening

Film · 1991 · · 26. juli 2016
2/5

Laber rangering senka forventningane i forkant av Highlander II: The Quickening. Filmen enda difor opp med å overraske positivt i enkelte deler, men skuffa andre stader.

Først av alt er dette ei noko forvirrande forteljing. Eg hugsar lite av Highlander, så bakgrunnshistoria manglar, og dette er ei svakheit. Mykje blir tatt for gitt. I blant kan ein mystisk bakgrunn skape interesse, men her er det lagt det til rette for at du skal vite, så det er ikkje bygd opp som mystikk.

Highlander II: The Quickening er unekteleg ein film som ser bra ut. Det er nesten som å sjå ein film bli spelt inn i kulissene til Blade Runner, for å gi eit bilde av kvaliteten. Det er nokon enkle datagenererte effektar innimellom, men det meste ser ut til å vere kreativt og fysisk handverk.

Den raude tråden i filmen er heller ikkje vanskeleg å følge. Det handlar om eit vernande skjold rundt jorda som skal verna mot farleg stråling. Det blir oppdaga at dette skjoldet kanskje ikkje er nødvendig lengre.

Det som skuffer er for så vidt det meste av skodespel, ei dårleg utført kjærleikshistorie, og småting her og der som er både banale og komiske i ein film som elles er ei mørk og dystopisk sak.

Eg lar mi eiga rangering av filmen bli prega av alt filmen ikkje får til. Det må meir enn ein visuelt god film og ein tråd lett å følge for å bli ein god film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Highlander II: The Quickening 1991 plakat - Filmdagbok