Highlander

Film / 1986
3/5

Den første delen av Highlander går sin gang utan dei store forklaringane på kva som skjer. Kven me ser på skjermen og kor me er forblir lenge eit mysterium.

Måten Highlander er bygd opp på gjorde at eg fatta større interesse for filmen enn eg tenkte at eg ville i utgangspunktet. I starten var det berre å sitte tilbake og vente, lenge, på om oppbygginga ville levere. Og det gjorde ho for så vidt.

Tidsaspektet var meir interessant enn målet filmen jobba seg mot, og meir interessant enn kampscenene som førte filmen til målet. Men dei delane var gode nok til at heilskapen var på plass. Og som heilskap enda Highlander opp som god underhaldning.

Highlander 1986 plakat - Filmdagbok