Him & Her

Serie · 2010–2013 · · 2. oktober 2014
3/5

Him & Her er ein britisk komedie frå BBC, som består av fire sesongar på totalt 25 episodar.

Serien handlar om Becky (Sarah Solemani) og Steve (Russell Tovey), deira forhold, familie, naboar og venner. Det som gir serien særpreg er at heile dei tre første sesongane går føre seg i den vesle leilegheita til Steve. Men i motsetning til ein vanleg situasjonskomedie så er er det filma frå alle vinklar og ingen latterboks.

Becky og Steve er eit relativt fersk par, men er bra synkronisert. Dei er passe skitne, dovne og slaskete, men det skin gjennom at dei er gode folk. Episodane består som regel av at dei får besøk, enten av den grufulle søstera til Becky, den snodige og kanskje kleptomane naboen Dan, og andre faste og tilfeldige personar.

Det beste med serien er kjemien mellom Becky og Steve. Becky er humoristisk vondskapsfull, og har stort sett glimt i auge i alt ho gjer. Og til å bli forelska i. Steve er til tider vanvittig barnsleg, og ofte ein pushover som fører til unødvendige og kompliserte situasjonar.

Laura (Kerry Howard) som er søstera til Becky bør også nemnast. Ho blir gradvis meir og meir irriterande utover serien, og eg held på å klikke til slutt. Det toppar seg i den litt annleis fjerde sesongen, som både går føre seg ein annan plass og har episodar som heng direkte saman. Bra utført av Kerry Howard.

Serien er stort sett god og morosam, sjølv om det dryg litt i enkelte episodar. Min favorittepisode er den retrospektive The First Date frå tredje sesong, om korleis det første stemnemøte til Becky og Steve var. Fjerde sesong var totalt sett den svakaste delen av serien, og har altfor lite av han og henne.

Eg synst serien er god på å få fram humor i det daglegdagse. Den gode bruken av korte glimt og grimasar tilfører noko ekstra og ekte.

Him & Her 2010-2013 plakat - Filmdagbok