His Dark Materials

Serie · 2019–2020 · · 13. oktober 2021
3/5

His Dark Materials er ein ny HBO-serie som er basert på ein bokserie av Philip Pullman. Eg har lese serien ein gong, men hugsar svært lite. Heller ikkje det at eg har sett The Golden Compass, bidrog til meir enn nokre få haldepunkt i forkant av serien.

Det handlar om ei parallell verd til vår. I ho så har alle menneske ein daimon. Det er sjela deira som har teke forma til ein dyreliknande skapning, og som alltid er i følgje med dei. Hovudpersonen er Lyra som er tolv år. Ho er oppfostra på eit college utan foreldre. I det me møter ho byrjar ei historie om bortførte barn, eit apparat som kan seie sanninga, ein merkeleg elementærpartikkel og ei reise nordover.

Fienden i historia blir fort avdekka som Kyrkja, eller Magisterium på opphavsspråket. Philip Pullman har sjølv stadfesta at han rettar kritikk mot alle religionar i trilogien sin His Dark Materials, og det er fint å sjå at serien ikkje fjernar kritikken. Noko som filmen The Golden Compass i større grad gjorde, og som dermed ikkje blei så bra, og aldri fekk ein oppfølgjar.

Spesielt med tanke på tonen som blir sett med opningssekvensen ser eg på dette som ein erstattar til Game of Thrones for HBO. Men er ikkje så omfattande, og ser heller ikkje så dyr ut. Eigentleg burde han unngått slike ting som ein opningssekvense med liknande musikk, og heller tatt større avstand. For på eigne bein er serien god.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
His Dark Materials 2019-2020 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Dafne KeenAmir WilsonKit ConnorVis alle

Sjangrar