Hitch

Film · 2005 · · 28. april 2019
3/5

I 2019 såg eg Hitch på nytt for første gong sidan han kom ut i 2005. Eg skreiv om filmen den gongen, og for å ta vare på historikken let eg mitt innlegg frå den gongen stå, heller enn å skrive noko nytt. Les vidare.

Filmtraileren verka god, plakaten var dårleg, og sjølve filmen er bra. Ein av dei betre romantiske komediane eg har sett siste tida. For eg har ingenting i mot romantiske komediar, iallfall ikkje dei som faktisk er komiske.

Filmen inneheld vel ingenting nytt, og har ei dum forteljarstemme – som er tankane til hovudpersonen, og ytrar både moral og hjelpande tips. Men i denne samanhengen gjekk det. Will Smith spelar Hitch så godt som Will Smith kan spele ein fyr i ein romantisk komedie.

Noko er sjølvsagt berre idiotisk, men det kjem heldigvis i skuggen av dei betre delane. I tillegg er det ein del andre kjente ansikt her, som er greitt i ein slik film. Eva Mendes og Kevin James, pluss ein haug med folk eg ikkje hugsar eller har lært namnet på.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Hitch 2005 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Will Smith (I)Eva Mendes (I)Kevin James (III)Vis alle

Sjangrar

Land