Hjemsøkt

Film · 2017 · · 23. februar 2020
2/5

Hjemsøkt er eit norsk forsøk på ein skrekkfilm og thriller, som feilar på det filmtekniske. I løpet av knappe 80 minuttar forsøker skaparane av Hjemsøkt seg på så mange jump scares at eg mistar teljinga. Det enklaste trikset i boka.

Det handlar om ei kvinne som arvar eit hus. Når ho var lita, brukte familien å feire jul der. Ho har ikkje så mange minner, men reiser motvillig tilbake til staden. Det er noko som ikkje kjennes rett. Når ho kjem dit så møter ho ei ung jente som leikar i snøen rundt huset.

Filmen blandar inn mystikken huset byr på, ei ukjent fortid med minner som i blant kjem til overflata, og karakterar i nærområdet som kan vite om ting. Eg trur filmen forsøker å skape ei stemning av ubehag med sin rolege stil og val av musikk, men eg blir ikkje skremt. Når det kjem til dei mange jump scares som blir brukt, så klarar vel filmen å skape ein reaksjon på ein av ti. Men det hjelper ikkje filmen noko.

Hjemsøkt var ein film eg ikkje fekk med meg når han kom, og eg tenker at det nok var ein god grunn til det. Du kan fint stå over han.

Hjemsøkt 2017 plakat - Filmdagbok