Hjerteslag

Serie · 2019–2020 · · 30. januar 2021
3/5

Hjerteslag er ein serie om to unge personar som blir ført saman som følger av ein uventa graviditet. Dette er ei avsløring frå første stund i seriemeldinga mi, men det er vanskeleg å komme unna denne biten med informasjon når eg snakkar om serien.

I tre sesongar har Vebjørn og Mio vore innom så mangt av mellommennskeleg drama. Det heile byrjar med at Vebjørn blir slått opp med av dama si, og drar på byen same kveld. Der møter han Mio. Og deira vegar skal kryssast igjen fleire gonger, før ein permanent relasjon blir knytt.

Hjerteslag består av korte episodar som går ganske greitt unna. Framdrifta blir formidla med vekenummer som undertittel til episodane. Ideen her har likskapar med andre norske seriar som Skam og Blank. Mens livssituasjonen til karakterane gjer at seriens tematikk ikkje er så lik.

I blant synst eg at Hjerteslag blir litt saktegåande ,og at dårlege val gjort av karakterane manar til irritasjon. Det kan godt hende det er meint sånn, men det kunne ha blitt løyst med eit lurare manus. For kritikken min går mot at opphavet til konfliktane er for enkelt og opplagt, men eg kan godta det fordi eg skjønnar at serien vil gå i bestemte retningar.

Les også ei melding på www.periskop.no (norsk).
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Hjerteslag 2019-2020 plakat - Filmdagbok