Hjertestart

Film · 2017 · · 1. mars 2021
3/5

I den norske filmen Hjertestart frå 2017 spelar Kristoffer Joner ein enkemann som sit igjen med ansvaret åleine for ein adoptert son. Han slit med å gå inn i rolla som dedikert far, då han nok var van til å halde ein viss avstand til foreldrerolla når kona levde.

Den dårlege farsrolla er ypparleg skildra av Kristoffer Joner. Han er truverdig og det er både fælt og imponerande å sjå korleis han oppfører seg i ein pressa situasjon utan lys i tunnelen, for hans del.

Kristoffer Bech spelar den unge sonen Daniel, som på sett og vis er offeret i alt dette. Han har mista mora si, og er prega både av sorg og ein far som ikkje kan handtere det å vere trygg og god forelder.

Det eine fører til det andre, og ei reise med far og son til Colombia blir ein stor del av filmen. Her skal dei prøve å finne den biologiske mora til Daniel. Eg legg ikkje meir utbrodering i dette enn å sei at det ikkje ligg an til å bli ei hyggeleg reise i god tru.

Hjertestart er ein litt tung film, fordi det er både tragisk og håplaust. Men på eit anna fint vis klarar filmen å vise seg som ein film med håp også. Så det blir ikkje utelukkande ei mørk reise gjennom ein dyster dal som aldri tek slutt. Eg skulle gjerne ha sett at det var ein litt meir oppløftande sak undervegs, men er på sett og vis nøgd med at filmen er som han er også.

Les fleire meldingar på cine.no og tattavkvinnene.blogg.no.
Hjertestart 2017 plakat - Filmdagbok