Hogfather

Film · 2006 · · 1. desember 2011
2/5

Hogfather er ei filmatisering av boka til Terry Pratchett med same namn. Filmen blei laga for Sky One i England og sendt i to deler, 17. og 18. desember i 2006, og har ei historie som går føre seg i Discworld-universet, noko eg kjem tilbake til.

Handlinga i Hogfather skjer rundt Hogswatch, Discworld-feiringa som svarar til jul hjå oss. Hogfather er namnet på den glade, tjukke mannen og går i klede som er mistenkeleg like julenissen sine. Mens Discworld er ein fantasibokserie av Terry Pratchett der handlingane skjer på ein flat planet som heiter Discworld.

Det er dagen før dagen og the Hogfather forsvinn. Ein leigemordar ved namn Teatime har akkurat fått i oppdrag å ta knekken på han, og byrjar ei desperat jakt på å finne Hogfather.

Døden, som her er ein eigen skapning med svart kappe og ljå, har som jobb å frigjere sjela til folk som dør. Når mordet på Hogfather let vente på seg, tar Døden tida til nytte og kler på seg nissedrakta og vikarierer for Hogfather.

Den tredje sentrale karakteren ved siden av Teatime og Døden er Susan. Blant dei tre er ho den stabile og menneskelege personen, og ho som får nyss om at konsekvensane av Hogfather si forsvinninga er evig mørketid og fortapt menneskeheit.

Det er fleire idear og parallellar til verda vår som gjer Hogfather interessant. Den viktigaste her er likskapen Hogswatch har til jul. Eg forventa ingen tradisjonell julefilm, men litt julestemning var et krav. Det skal mykje til for at mangel på julestemning kan oversjåast når eg bevisst har valt ut julefilmar.

Hogfather manglar julestemning. Filmen er ikkje sentimental, og han får heller ikkje fram ei trist julestemning. I det heile er det kaldt og lite stemning. Billege effektar gir eit falsk preg på toppen. Det var ingen krok som hekta meg innleiingsvis. Grunnen som gjer filmen verdt å sjå, når utgreiinga av handlinga endeleg var forklart, var det langt ut i filmen og for seint.

Tre timer som Hogfather er verkar som tre dagar. Den fiffige ideen bak den halvgjorte og ustrukturerte oppbygginga gjer at eg heng med trass i alt, men filmen blir dessverre ingen slager og ingen anbefaling.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Hogfather 2006 plakat - Filmdagbok