Holiday Engagement

I Holiday Engagement som premierte på Hallmark i 2011 blir me med Hilary (Bonnie Somerville) heim til familien over thanksgiving-helga. Ho har nyleg blitt dumpa av sin trulova. For å sleppe mas frå mora leiger ho inn ein skodespelar til å spele sin trulova den helga.

Det oppstår ikkje overraskande søt musikk, komplikasjonar som følger av improvisasjon og som følger av at korthuset fell ihop mot slutten. Dette er på alle måtar ein standard romantisk komedie, og ein grei for den saks skuld.

Sett forbi avgrensingane, dei oppbrukte klisjeane og smått kjipe stereotypane så har eg sans for hovudkarakteren som spelt av Bonnie Somerville. Ho er lett å sjå på, og lett å like som person. Motspelaren hennar i form av den innleigde skodespelaren er også kapabel og ikkje for typisk. Mi erfaring er at det ofte er tafatte eller irriterande menn som spelar opp mot ei kvinneleg hovudrolle i denne type film.

Holiday Engagement 2011 plakat - Filmdagbok