Holiday Miracle (2014)

Film / 15. desember 2015
1/5

Holiday Miracle eller Small Town Santa er blant det verste eg har sett i 2015. Sjeldan tyr eg til lågaste karakter, 1/5, men her var det liten tvil om karakteren allereie frå tidleg i filmen.

Det handlar om ein sheriff i en liten by, som får besøk av en nissefyr. Sheriffen er visst en gretten type, men det er vanskeleg å ta skodespelet til Dean Cain seriøst her. Og resten av skodespelarane gjer en tilsvarande elendig jobb.

Skal du ha ein film som ser billeg ut til å samanlikne med, så er Holiday Miracle en god kandidat. Ingenting ser ekte ut, og ingen interaksjonar og handlingar verka naturlege.

Dette gjer at filmen blir opplevd som en amatørsak, laga av en vennegjeng utan mål, meining og midlar. Med et interessant poeng eller noko anna for seg, så kunne det ha hatt sin enkle sjarm, men her er det ingenting av dette. Eg blir i grunn ikkje oppgitt, berre motlaus av å sjå på.

Som ein av årets julefilmar er dette et klart lågpunkt blant ikkje alltid topp filmar. Forventningane mine var altså ikkje store.

Holiday Miracle 2014 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Julefilmar

Regi

Joel Paul Reisig

Manus

David Higlen

Skodespelarar

Dean Cain (I), Christine Lakin, Sophie Bolen, Mandalynn Carlson, Derek Brandon, Joel Paul Reisig, DJ Perry, Mark Boyd, Jettzen Shea, Rebekah Hughes

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Holiday Miracle

Forfattar