Hollidaysburg

Hollidaysburg er ein film om del to i livet for mange. Der første del er livet heime og andre del er livet på college. På film er dette etter kvart ein etablert sjanger, som då ofte handlar om alt som har forandra seg, og alt som ikkje.

Ein gjeng med venner møtes i Hollidaysburg. Dei har alle gått ulike vegar etter high school, og møtes no igjen for første gang. Det er thanksgiving, og akkurat nok tid har gått til at dei har starta å vekse i frå kvarandre.

Hollidaysburg er ein film der kjensler får høve til å komme til overflata. Om forventingar til kva college skulle bli, og korleis det var å bli verande heime.

Det skjer ikkje stort meir i denne filmen enn samtalar og å bli kjente med karakterane og deira indre. For å kunne få ein del ut av drama, og få effekt ut av det. Det fungerer heilt greitt, men ikkje godt nok til å bli ei gjenforeining på nivå med ein av mine favorittar, St. Elmo's Fire.

Hollidaysburg 2014 plakat - Filmdagbok