Hollywood Ending

Hollywood Ending er ein Woody Allen-komedie frå renessansen til filmskaparen etter eit litt svakare 1990-tal. Filmen handlar om ei filminnspeling, og Woody Allen spelar hovudrolla som ein regissør som får ein ny sjanse, etter å ha hatt mange dårlege år og ei fallande karriere.

Den store sjansen kjem då ekskona til protagonisten Val (Woody Allen) overtalar sin nye mann og filmprodusent om å gi Val moglegheita til å lage ein film. Téa Leoni gjer ei god rolle som ekskona Ellie. På første innspelingsdag blir Val blind av psykologiske årsaker, og ønsker ikkje å fortelja nokon om det for å øydelegga sjansen for ein tilbakekomst i filmbransjen.

Hollywood Ending er ein enkel og sjarmerande komedie. Humoren har stort sett sitt opphav i resultata av blindheita og blir servert i små porsjonar gjennom heile filmen. Innimellom er det plass til eit halvseriøst drama for å bygge på relasjonane i filmen. Men også andre sider ved filmen er god. Vegen tilbake til det store lerret for Val er engasjerande, om enn lett. Og Woody Allen passar som fot i hose i hovudrolla. Er du fan så vil du like denne.

Hollywood Ending 2002 plakat - Filmdagbok