Hollywood Shuffle

Film · 1987 · · 1. september 2021
3/5

Det glade 1980-tal. Hollywood Shuffle osar av tiåret filmen blei laga i. Frå val av miljø, til framstilling av kultur og måten filmen er sett saman på.

Dette er ein film som evnar til så mangt. Han parodierer samtidskulturen på nivå med UHF, kommenterer seriøst den stereotypiske framstillinga av mørkhuda i filmbransjen, berømmer Eddie Murphy for sitt arbeid og ser på innverknaden suksessen hans har hatt på bransjen. Og filmen står godt på eigne bein som ein komedie.

Robert Townsend har både regissert, skrive manus og spelar hovudrolla i Hollywood Shuffle. Han er eit ukjent ansikt for meg, men er både skarp og vittig og har laga ein god film.

Eg gjekk til filmen med relativt blanke ark. På eit tidspunkt fanga filmen interessa mi, men årsaka gjekk i gløymeboka i den lange perioden filmen låg på lista over filmar eg ville sjå. Så for meg overraska Hollywood Shuffle meg som ein habil og artig film, der eg kanskje hadde enda opp med å forvente meg middelmåte. Rett og slett fordi plakaten ikkje sa meg stort, men var det einaste eg til slutt gjekk for. Men eg likar å hoppe i det med filmar eg veit lite om, og synst det er artig å bli overraska.

Les også meldingar på reelfilm.com (engelsk) og shebloggedbynight.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Hollywood Shuffle 1987 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Robert Townsend (I)Craigus R. JohnsonHelen MartinVis alle

Sjanger

Land