Home Alone: The Holiday Heist

Home Alone: The Holiday Heist kom i 2012 og er laga i samarbeid med og for Fox. Det er altså ein tv-film. Han har eit godt stykke igjen for å bli like god dei to første filmane, og årsakene vil eg komme tilbake til. Men filmen er klart betre enn Home Alone 3 som eg såg for fleire år sidan, og Home Alone: Taking Back The House som visstnok skal vere den verst av dei alle.

For å ta det beste først, så er produksjonskvaliteten til Home Alone: The Holiday Heist god. Stødig kameraføring er på plass, men mangel på originalt uttrykk. Lyd, lys og kulisser er også bra. Me blir tidleg vist rundt i huset som handlinga skjer i, og blir kjent med det. Eit par ting her hevar spenningsnivået litt, og eg tenker at dette kan vere ein god film for dei yngre. Sjølv tenkte eg på The Shining under opningssekvensen, og fekk inntrykk av at filmen prøvde å skape ei skummel stemning, men det tok ikkje av for min del.

Det største minuset til filmen er miksen av tempo, idioti, delvis oppegåande skurkar og elendige, unødvendige val. Måten dette heng saman på er følgjande: Skurkane i filmen har minst ein lur fyr med seg. Likevel gjer dei gang på gang idiotiske val, som slår tilbake på dei. Slik som filmen går fram har dei god tid mellom slaga til å tenke strategisk, roe seg ned, vurdere farane. Sett at dei bryt seg inn i ein del av huset og blir angripe av ei av fellene til hovudpersonen. Så går dei ut igjen og prøver å komme seg inn ein ny stad. I staden for å ta nederlaget den første plassen og gå vidare derifrå.

Viss eg skal koke alt ned til eit poeng, så er det at det i Home Alone: The Holiday Heist ikkje er guten i hovudrolla som er smart, men skurkane som er dumme. I Home Alone og Home Alone 2: Lost in New York2 er det heller sånn at skurkane er litt dumme, men at guten spelt av Macaulay Culkin i grunn er smartare enn dei og vinn på det.

Men så hadde filmen også sine positive sider, og er ikkje fullstendig bortkasta tid. Det er kanskje greit likevel å heller sjå igjen dei gode, gamle klassikarane frå 1990 og 1992.

Home Alone: The Holiday Heist 2012 plakat - Filmdagbok