Home Alone

Heilagdagar handlar om jubel og glede. Dei er tider å le og halda til med familien din på. Home Alone oppnår jubel, glede, latter, men ikkje familie.

Home Alone er skriven av John Hughes, som òg gjorde den fantastiske The Breakfast Club. Filmen handlar om ein åtte år gammal gut kalla Kevin, som ved eit uhell blir etterlate heime når foreldra hans dreg bort på juleferie. Dessverre for Kevin bur han i eit rikt hus, som er blir ettertrakta av to innbrottstjuvar: Marv og Harry. Dei planlegg å rana huset, så Kevin må verna seg sjølv ved hjelp av heimelaga feller.

Home Alone er rett og slett full av fysisk komedie. Men John Hughes gjorde ein feil med manuset: Han gløymde å gjera det realistisk.

Korleis kunne Kevin sovna, medan heile familien hans skrik og prøver å pakka? Korleis kunne han laga så mange feller, men ikkje klara å pakka ein koffert? Korleis kunne Marv bruka så mykje tid på golvet etter å ha snubla, når Harry har teke Kevin? Korleis? Vel, til trass for feil, er Home Alone ein morosam, hjartevarmande julefilm. Eg vil rå deg til å sjå han. Han er ikkje perfekt, men han er morosam.

Home Alone 1990 plakat - Filmdagbok

Dato

18. september 2007

Forfattar



Alternativ tittel

Alene hjemme

Merkelappar

Sjangrar

Land