Homefront

Filmar med Jason Statham var ei stund risikabelt terreng, men har dei siste åra vist seg å vere stort sett greie til gode actionfilmar. Homefront er blant dei nyare som er dryg nok med heftig action, men som til ei viss grad prøver seg på realisme. Ei bra blanding.

Jason Statham spelar eks-agent som gjennom vitnevern har blitt lokalisert til ein roleg, liten by i lag med dottera si. Han var del av eit større narkotikabeslag tidlegare, og det er deler av denne forhistoria som jagar han utover i Homefront.

Det som fungerer godt er spenningsbygginga, skodespelet, dramaet, miljøet og actionscenene. Dette er nok til å gjere Homefront til eit godt, men ikkje legendarisk val av film. Det som kan trekke litt ned er kor enkelt alvoret startar, og dei litt tynne og korte samanhengande mellom forhistoria og notida til filmen. Det blir ikkje den største greia med filmen, men kunne ha vore med på å gjere filmen litt meir minneverdig om det var gjort hakket meir truverdig.

Homefront 2013 plakat - Filmdagbok