Homeland

Serie · 2011 · · 26. september 2020
4/5

Homeland startar som ein god spenningsserie. I blant litt over toppen, men stort sett innanfor. Med internasjonal vinkling, terroristar, løyndommar og heile CIA-pakken.

I hovudrolla er den flink Claire Danes, som i stor grad har støtte av ein like flink Mandy Patinkin. Begge folk som klarer å tilføre det nødvendige til alvorlege karakterar som Homeland består av.

I eit par sesongar er Homeland alt eg forventar. Ikkje alt eg håper på, men det er ikkje behov for perfeksjonisme heller. Det er best når Damian Lewis er med. Når han etter kvart forlet serien, må Homeland halde fram med nytt materiale. Dette er både ei slags avsløring og ei stadfesting på at Homeland ikkje sit fast i ein og same tråd sesong etter sesong.

Når dei nye trådane etter kvart kjem, er ikkje Homeland det nye og friske lenger. Det er bra, men det er ikkje så bra. Ein tendens til å overdrive i større grad pregar også serien meir etter kvart. Dette er mi største innvending, for elles har eg sansen nok for dette. Det er aldri kjedeleg, og det er nok å be om.

IMDb-logo
  • Homeland 2011 plakat - Filmdagbok
  • Homeland 2011 plakat - Filmdagbok
  • Homeland 2011 plakat - Filmdagbok
  • Homeland 2011 plakat - Filmdagbok
  • Homeland 2011 plakat - Filmdagbok
  • Homeland 2011 plakat - Filmdagbok
  • Homeland 2011 plakat - Filmdagbok
  • Homeland 2011 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Claire DanesMandy PatinkinRupert FriendVis alle

    Sjangrar

    Land