Homeward Bound II: Lost in San Francisco

Film · 1996 · · 27. desember 2020
3/5

Denne oppfølgjaren til Homeward Bound: The Incredible Journey er ein film med handlinga lagt til San Francisco. Det handlar om to hundar og ein katt. For andre gong er dei nøydd til å trasse mange farar for å finne vegen heim.

Det heile startar denne gongen på flyplassen i San Francisco. Den ligg på andre sida av byen frå der dyra bur i lag med familien sin. Då dyra og familien blir skilt frå kvarandre på flyplassen, trur dyra at noko alvorleg kan skje med eigarane sine. Saken er den at dei berre skal ut på ein tur i lag. Men på bakgrunn av dette rømmer dyra frå flyplassen, og legg ut på den utrulege reisa heim igjen.

Mens det i Homeward Bound: The Incredible Journey var natur og dyr i naturen som var utfordringa, er det her farane i byen som truar. Både andre dyr, men også menneske som vil dei vondt.

I lys av å nyleg ha sett den første filmen, så framstår denne oppfølgjaren for min del som ein litt svakare film. Han er i stor grad lik, og kunne nok på eigne bein, eller i andre omstedigheiter eller for andre ha vore like god eller betre. Men eg likte det med naturen så godt i den første filmen, at dette blir ein ørliten nedtur for min del. Utan at eg vel å legge så mykje meir i det.

Utover denne korte refleksjonen basert på samanlikning, så er det elles fint å sjå denne oppfølgjaren. Han har mange nye situasjonar å by på, og sjølv om formelen stort sett er lik, så har han nok av nyvinning og ulikskapar til å aldri bli kjedeleg. Så det var vel anvendt tid.

Les ei anna melding på www.rogerebert.com.
Homeward Bound II: Lost in San Francisco 1996 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land