Homeward Bound: The Incredible Journey

Film · 1993 · · 26. desember 2020
3/5

I Disney-klassikaren Homeward Bound: The Incredible Journey er det dyra som er hovudrollane.

Dei to hundane Chance og Shadow, og katten Sassy, blir omplassert på ein gard. Familien som eig dei skal bu midlertidig i ei leiligheit som er for lita til å ha dyr. Så i mellomtida må ein venn av familien passe på dei. Dette er ikkje noko dyra skjønnar, som trur at familien kan vere i fare. Eller at dei har blitt etterlatne.

Dyra rømmer etter kvart frå garden, og legg ut på ei reise gjennom ugjestmild natur for å komme seg tilbake heim.

Homeward Bound: The Incredible Journey har lagt seg på linja at dyra snakkar og tenker, men ikkje nødvendigvis bevegar munnen. I ei tid då animasjon har gjort at ekte dyr ofte bevegar munnen når dei snakkar på realistisk vis, så var det ei tilvenning i byrjinga. Men det gjekk seg fort til. Det er noko litt forfriskande og hyggeleg å sjå ein film som gjer dette, og som har ekte dyr i alle rollar. Det er på ein måte litt røft, men det er også tilsynelatande ekte. Sjølv om det absolutt er fiksjonsfilm tvers igjennom.

Det er dyra og deira møte med naturen som stikk av med mesteparten av skrytet mitt. Resten av filmen er ein barnefilm som verken er spesielt god eller dårleg.

Les også ei melding på www.rogerebert.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Homeward Bound: The Incredible Journey 1993 plakat - Filmdagbok