Horace and Pete

Horace and Pete er hjartebarnet til Louis C.K. og er både ein eigenprodusert og eigenfinansiert serie laga for internett. I tillegg til seg sjølv har han flotte folk som Steve Buscemi, Edie Falco og Alan Alda med.

Serien er si eiga greie, og episodane varierer mykje i både lengde og oppbygging. Men alt dreier seg om nokon personar som eig ein bar. Me lærer deira personlege problem å kjenne i nokon episodar, mens andre episodar er meir ei samling av diskusjonar.

Strengt tatt kan eg sei at serien ikkje ser ut til å ha noko bestemt mål, men berre formålet om å vere et utløp for kreativiteten til Louis C.K.. Dette er ein snev av det hans serien Louie har vore på sitt mest seriøse, men er ikkje ein komedie.

Eg har sansen for dette. Det er noko modig og nytt med det, og det er gode samtalar på gang. Men det er også sånn at det ikkje kan halde på i lengda. No er også serien avslutta etter ein sesong, som betyr at dette gav seg på topp. Eller litt under toppen, min favorittkarakter blei spelt av Alan Alda, og han var dessverre ikkje med heile vegen.

Har du sansen for dialog og dramakomedie med trykk på drama, så kan Horace and Pete vere verdt å sjekke ut. Heile serien er tilgjengeleg på nettsida til Louis C.K.

Horace and Pete 2016 plakat - Filmdagbok