Horrible Bosses 2

Det er freistande å opne med eit ordspel på tittelen til filmen ved å skildre filmen som horribel, men det er ikkje verdt dei kreative kreftene, så det blir heller indirekte sagt på denne måten.

Eg såg Horrible Bosses 2 på ein lengre flytur, så forholda var ikkje optimale. Ein knøttliten skjerm, kanskje i feil høgde- og breiddeformat, og eit dårleg lydsystem gjer sjeldan ein film betre, men ei god historie skin gjennom slikt, og det gjorde ikkje denne filmen.

Eit dykk i arkivet avslører at mitt inntrykk av Horrible Bosses var like horribelt. Sjølv om han var gått greitt i gløymeboka, var ikkje forventingane mine til Horrible Bosses 2 rare greiene heller. Eg kan difor ikkje seiast å ha blitt skuffa, men eg kjeda meg like fullt filmens tull og mangel på god komedie. Rølpete er eit passande ord for å skildre denne type film. Rølpete med ei glatt overflate. Og ein type hastekomedie der ville episodar skjer fortløpande, for å gi eit inntrykk av at alt står på styr, mens manus og meiningar er nedprioritert.

Horrible Bosses 2 er ikkje fråverande av ei historie, og heller ikkje vanskeleg å følge. Men han har ikkje prioritert dette heller.

Horrible Bosses 2 2014 plakat - Filmdagbok