Hot Dog… The Movie

Film · 1984 · · 7. mars 2012
2/5

Harkin (Patrick Houser) er skientusiast. Han har spart opp pengar og er på veg til Squaw Valley for å delta i konkurransar. På vegen plukkar han opp Sunny (Tracy Smith), ei ung og pen kvinne som blir med han i staden for å reise til San Francisco.

Vel framme i Squaw Valley er kjemien mellom dei to på plass. Så rotar ting seg til. Det blir ikkje enklare for Harkin at dommarpanelet i konkurransane favoriserer den tyske verdsstjerna Rudi.

Det skal ikkje mykje til for å skjønne utfordringane Harkin vil møte. Det er kjærleiken på ei side og skikøyringa på den andre. Det stikk ikkje mykje djupare enn dette. Men det er kunnskapen til sjangeren som gjer det enkelt å forstå, for filmen er dårleg på både frampeik og vektlegging av relevante sekvensar. Som eit sjølvstendig produkt oppnår ikkje Hot Dog… The Movie nok.

Som det ofte har blitt med tenåringskomediar frå 1980-talet så forventa eg lite. Det eg likevel vil ha på plass er ei oppbygging som heng på greip. Resten av manuset er det ikkje så nøye med. Struktur er dessverre mangelvare her. Eg blei skuffa nok til at den enkle humoren forsvann i forvirringa. Filmen hadde eit potensiale til å bli ein grei sports- og tenåringsfilm. Ikkje på nivå med The Karate Kid, men omtrent mellom Teen Wolf og Rad.

Det er nok komedie i det dårlege til at Hot Dog… The Movie aldri blir plagsam. Det er mykje som blir tatt for gitt. Skikøyringa er langdryge, einsformige og lite imponerande, men blir framstilt som det tøffast i verda. At motstandaren er ein tysk dritsekk er kult nok i seg sjølv.

Elles byr ikkje filmen på noko nytt eller særleg oppfinnsamt, anna enn å dikte opp uttrykket kinesisk utfor. Det vektar ikkje så sterkt mot mangel på struktur.

IMDb-logo
Hot Dog… The Movie 1984 plakat - Filmdagbok