Hot Fuzz

Film · 2007 · · 30. april 2007
4/5

Etter lengre venting kom endeleg Hot Fuzz til kino, og etter meir venting kom eg meg til kinoen. Førehandskunnskapane om Hot Fuzz var små, med filmtraileren som einaste bakgrunn. Eg ser no i ettertid at han er ein knapp forsmak på kva filmen leverer, så han skal ha skryt for både å halde seg i taumane samtidig som han gir forsmaken.

Over til filmen. Dette er ein politispenningskomedie sett til ein roleg engelsk landsby som kvart år kjempar om å bli den beste landsby det året. Politikonstabel Nicholas Angel (Simon Pegg) blir ufrivillig overført dit frå London-politiet fordi han har for god personleg statistikk og får resten av politiet til å ta seg dårleg ut. Livet viser seg ikkje å vere så stille på landsbygda, når mange ulykker skjer på rekke og rad ser Angel ei større sak på gang. Dei allereie godt etablerte politifunksjonærane avfeiar teoriane hans glatt.

Hot Fuzz er god i måten Edgar Wright pressar inn haugar med informasjon og detaljar i kvart bilde. Ypparleg med tanke på attsjåing. Han skrur opp klippefrekvensen der det er nødvendig. Det betyr ingen dødtid. Han har humoren i fleire lag, som i dialog og ansiktsuttrykk samtidig, men kvar for seg. Og han køyrer tempoet på filmen opp på eit fantastisk godt nivå når trådane blir samla, som betyr action utan stopp. Ein hyllest utan å massakrering av inspirasjonane.

IMDb-logo
Hot Fuzz 2007 plakat - Filmdagbok