Hot Pursuit

Film · 1987 · · 5. mai 2009
3/5

John Cusack spelte i sin del av ungdomskomediar på 1980-talet, ikkje alle gode. Hot Pursuit klatrar til midt på treet. Blant det mest morosame personane i filmen å sjå er Ben Stiller som gjer sin langfilmdebut i ei relativt stor rolle. I tillegg spelar Jerry Stiller rolla som faren hans.

Handlinga er enkel, John Cusack skal nå igjen kjærasten som er reist på ferie til Bahamas. Undervegs hamnar han alltid i trøbbel like før han når henne. Piratar og transportproblem. Som tilskodar blei eg sittande å irritere meg framfor å more meg på grunn av dette. Men så var det litt humor utanom.

Hot Pursuit 1987 plakat - Filmdagbok