Hot Rod

The Lonely Island-gjengen er blant fleire aktørar som står bak Hot Rod, noko som kan merkast på mange av innslaga, som har stilen og humoren som The Lonely Island er kjent for.

Hot Rod er ein slags Hollywood-versjon av Napoleon Dynamite, med sine sære karakterar, men med ein meir direkte humor, meir barnsleg og med sterkare fargar. Andy Samberg i fronten har det gode ved Saturday Night Live over seg. Ein dag vil han nok bevise seg som meir enn berre den overdrivne, komiske karakteren han nok ein gong spelar, inntil vidare er det enkelt som gjeld, og ganske morosamt.

Hot Rod 2007 plakat - Filmdagbok