Hotel Chevalier

Film · 2007 · · 17. februar 2008
3/5

Hotel Chevalier, ein kortfilm og eit forord til The Darjeeling Limited, er ei kort innsikt i Wes Anderson som regissør. Korleis han brukar musikken, symbolikken i detaljar og miljø og karakterar som ikkje nødvendigvis lempar kjenslene sine på kvarandre i eitkvart høve.

To personar med ei fortid møtes igjen på eit hotellrom i Paris. Det er tydeleg at dei tykkjer om kvarandre, likevel har dei skilt vegar tidlegare. Årsaka blir her overlate til sjåaren å tenke ut, enten åleine eller gjennom gangen til The Darjeeling Limited.

Når eg såg Hotel Chevalier for første gang var det stemninga ved saka som fekk med til å revurdere interessa for Wes Anderson, The Life Aquatic with Steve Zissou har tidlegare sett meg på bakfot, men då fekk eg verkeleg lyst til å sjå The Darjeeling Limited.

Hotel Chevalier 2007 plakat - Filmdagbok