Hotel Room

HBO-serie frå 1993, med Harry Dean Stanton og Deborah Kara Unger, då i ulike episodar.

Eit hotellrom i New York er miljøet for tre episodar som går føre seg i 1969, 1992 og 1932. Me får tre historier som ikkje er relaterte, basert på dialogar.

Første om ein horekunde som får uventa besøk av ein skjeggete venn som tar over showet.

Andre om ei dame med eit avstandsforhold som inneber vekentlege møte på hotellet og ser ut til å gå mot slutten.

Tredje om mannen som følger kona med mentale problem til ein doktorspesialist. Episoden går føre seg på hotellrommet under eit lysbrot der me brotvis får vite både kvifor dei er der og kva som feilar kona.

Musikken er komponert av Angelo Badalamenti og blir for så vidt det mest interessante ved serien. Samt å sjå at toga nok ein gong går igjen både med tanke på lyd og bilde.

Smått kjedeleg, verken utfordrande eller like godt som gravlaks med god sennepsaus.

Hotel Room 1993 plakat - Filmdagbok