Hotel Rwanda

Filmar basert på sanne historier pleier eg å like, stort sett. Det finst unntak, men dei pleier eg å gløyme fort. The Aviator er eit godt eksempel på ein film basert på ei sann historie som eg likar.

I Hotel Rwanda, som er basert på ei sann historie, er kampane mellom tutsisane og hutuana midtpunktet. Ein grufull krig som har tatt livet av over ein million menneske. Don Cheadle spelar Paul Rusesabagina, ein vanleg mann som blir ein lokal helt. Don Cheadle spelar godt, noko Nick Nolte derimot ikkje gjer.

Eg er også skuffa over Raude kors-dama, Cara Seymour. Eg klarte ikkje sjå på ho som seriøs. Heldigvis hadde ho ikkje den største rolla her. Så Nick Nolte blir min einaste store grunn å klage over, han passar rett og slett ikkje som høgt tilsett i FN, det har han fått for mykje alkohol i seg til å gjere.

Hotel Rwanda 2004 plakat - Filmdagbok