Hotel St. Pauli

Hotel St. Pauli er ein av dei mest hata norske filmane nokon sinne. Av meg og av andre. Det er òg ein av dei norske filmane som er vanskelegaste å få tak i, i lag med den andre kalkunen Dis - ei historie om kjærleik. Ja, det er i grunn dei fleste andre norske filmar som er laga også. At Norsk filminstitutt er nær udugelege når det gjeld å få ut den norske filmarven til folket, er dessverre ei mild underdriving. Kvaliteten på filmar som har kome ut, mellom anna gjennom samlinga Norske klassikere, er svært variert.

Det er mykje negativt å sei om Hotel St. Pauli, noko eit handlingsreferat ikkje kan fange opp. For i denne filmen skjer det så vanvittig lite i løpet av dei 105 minuttane han varer, at ei oppsummering heller gjer latter av filmen enn å kritisere han.

Filmane til Svend Wam og Petter Vennerød er godt kjent for ufrivillig humor, og heldigvis er ikkje Hotel St. Pauli eit unntak. Herleg dårleg skodespel og det drygaste av spesiell sex du får på norsk film er stikkorda. Ja, òg så kjem hasjrøyking og kastrering like i ryggen.

Det einaste som er bra i Hotel St. Pauli, og då utelukkar eg den ufrivillige humoren, er musikken i brorparten av filmen og stemninga bruken av god musikk oppnår i ei scene i skogen. Det er forresten i nemnde scene at Morgan, den eine hovudrolla, spring rundt og ropar at han vil pule Gerda, før Gerda kappar av kuken hans og stikk til St. Pauli og blir sprøytenarkoman. Det er iallfall teorien min, for med tanke på tid heng dette tynt saman. Men ut frå tidsbruken til filmen er han generøs. Litt som i 2001: A Space Odyssey er det mange og lange scener utan dialog her. Hadde berre gleda mi av å sjå desse scenene vore like stor.

Konklusjonen er at Hotel St. Pauli var betre enn forventa, men framleis er ein av dei verste norske filmane eg har sett. Han er så gjennomført elendig at det nesten har sin sjarm. Få replikkar gjer at han legg opp til at publikum kunne snakke undervegs, og å kunne kommentere dårlege ting, som i og for seg er artig nok. Men viss du ikkje har ei sann glede for dårleg film, har behov for å sjå Hotel St. Pauli i nokon samanheng, eller vil oppleve golden showers og ein bonde frå Nedre Eiker som onanerer på togstasjonen i Oslo, då kan du styre unna.

I 2010 skreiv eg ei masteroppgåve med analyse av norske kinoplakatar. Plakaten til Hotel St. Pauli var ein av dei eg tok med i oppgåva. Her vil eg gjengi kapittelet. Nokon gjentakingar frå innlegget over kan finnast:

Hotel St. Pauli handlar om paret Jor og Gerda som har busett seg i København. Jor prøver å bli forfattar, og Gerda må forsørgje dei ved å ty til prostitusjon. Jor har overtaket på Gerda og pressar ho til å gjere ting ho eigentleg ikkje vil. Men då Gerda treff Morgan og introduserer han for Jor, oppstår eit trekantdrama som resulterer i at Gerda flyktar og Morgan blir sinnsjuk. Etter ein del leiting finn Jor igjen Gerda i eit forsøpla krypinn i forlystelsesstrøket St. Pauli, i Hamburg. Der er ho nedkøyrt av dop og alkohol. Gjensynet fører til eit skikkeleg oppgjer mellom desse to, og deira sanne kjensler kjem fram.

Hotel St. Pauli har eit rykte på seg for å vere ein dei største filmkalkunane i norsk film. Kritikken filmen fekk var krass både i samtida, og har ikkje endra seg i ettertid. Filmen er eit godt døme på skrekkeleg perversitet, og er blant dei mest spesielle seksuelle filmane i Noreg. Filmen har skapt debatt på grunn av dei mange sexscenene, og Cinemateket skriv følgjande: Kritikken var blandet og mange mente at den var for spekulativ i sitt eksplisitte filmatiske uttrykk.

Formale trekk

Plakaten til Hotel St. Pauli består i all hovudsak to seksjonar: Logoen til filmen og eit område med skodespelarbilde og namn knytt til filmproduksjonen.

Over ein lys, men ikkje fullt ut kvit bakgrunn, har me logoen på filmen. Denne dekkjer over halvparten av plakaten. Filmtittelen går over to linjer, og orda HOTEL og PAULI står på kvar si linje i versalar. st har blitt plassert framfor PAULI og forkortinga er mindre enn resten av logoen, samstundes som den har blitt skrive i minusklar. Ei rett sprekke strekkjer seg frå øvre venstre hjørnet til nedre venstre, gjennom begge orda. I den nedre enden er det teikna eit barberblad som går i lag med sprekka. Langs sprekka eller kuttet er det teikna rennande blod. På enden og under barberbladet har noko av blodet hamna på ei usynleg flate som går i eit med den kvite bakgrunnen. Like under logoen er premieredatoen oppgitt, utforma som eit stempel og plassert litt på skrå. Datoen, Premiere 2. mars ’88, har ein raudfarge lik blodet.

Nede i den venstre delen av kredittblokka plassert. Fritt etter Erland Kiøsteruds roman «Jord» står øvst, etterfylgd av namna til skodespelarane i hovudrollene, og bilder av desse tre. Mefisto, Wam og Vennerød står igjen litt under, i større bokstavar enn resten. Mefisto har ein anna skrifttype enn namna, då dette er logoen til selskapet. Heilt nedst på plakaten er Dolby Stereo påført, samt kopirettane til Mefistofilm A/S.

Analyse av formale trekk

På ein plakat med ei minimalistisk utforming som denne, vil dei enkelte nytta verkemidla kome tydeleg fram i uttrykket til plakaten. Barberbladet og blodet er dei utprega, grafiske verkemidla på plakaten til Hotel St. Pauli som merksemda blir trekt mot. Utanom dette består plakaten utelatande av tekst og nokre små bilde. Bilda får fram eit alvor i andletsutrykka til personane, men bortsett frå dette seier dei lite meir enn noko om kjønnsfordelinga i det sentrale persongalleriet til filmen.

Dei tre bilda nedst består av to menn på kvar sin ytterkant og ei kvinne i midten. Då filmen har vore, og framleis er eit mannsprega miljø, er det ikkje uvanleg å oppleve at den har eit fleirtal av menn. Plasseringa av desse er den som gir meining til andleta. I ein samanheng der storleiken på namna og andleta er lik, er det vanleg å tenkje seg at den første frå venstre som den som hovudrolleinnehavaren i filmen. Men det er ikkje eit oppsett plakatdesignerar alltid brukar. I blant har den mest kjende skodespelaren i ein film fått namnet sitt først, trass i at personen ikkje spelar hovudrolla. Personen i hovudrolla kan då ha fått andreplass, eit grep som i blant er nytta på plakatar til barnefilmar med ukjente hovudrolleinnehavarar. Lågare budsjetterte filmar, som likevel har fått inn ei stjerne i ei lita birolle, er eit anna døme. Eit døme der dette er gjort på ein større filmproduksjon, er til Superman med Christopher Reeve frå 1978. På plakaten har personar i to roller som er mindre enn rolla til Christopher Reeve, fått namnet sitt lengre oppe og tydelegare enn Christopher Reeve som er plassert lengre nede. To avsnitt er å finne under bildeelementet: I det første avsnittet står det Alexander Salkino presents Marlon Brando – Gene Hackman ..., medan det i byrjinga av andre avsnitt står Starring Christopher Reeve .... Som motsetning står plakaten til Speed med hovudrolla kreditert først, trass i at det her òg er ein eldre, kjent skodespelar med som skurk, nemleg Dennis Hopper.

Det er altså ikkje uvanleg å rekne med at den til venstre, er personen i ei hovudrolle, ut frå vanleg plassering i krediteringa. I mange filmar ligg det ei forventing til at det er, eller vil utvikle seg eit forhold mellom denne og den mest profilerte krediteringa av motsett kjønn. Dette er ikkje ein regel, men sidan plakaten til Hotel St. Pauli ikkje avkreftar noko slikt, opnar den for ei tolking at kvinna i midten er i lag med mannen til venstre. Kanskje er ho i lag med mannen til høgre? Og dette trekantforholdet er det som fører til eit dramatisk utfall, som inkluderer eit barberblad. På grunn av konnotasjonane eit barberblad i kombinasjon med blod gir, kan ein tenkje at ein eller fleire av folka som er meint å bli knytt opp til blodet, har eit problem av ein eller anna type.

Den kvite bakgrunnen står i kontrast til blodet og logoen. Kvit er reint og manglar vesentleg informasjon i uttrykket sitt. Det er ei utfordring å knyte ein bestemt sjanger opp mot denne bruken av noko som ikkje inneheld handfast informasjon. Bruken av kvit kan få oss til å fokusere på andre delar av plakaten, som logoen og barberbladet. Mangel på innhald i det kvite kan òg tolkast på andre måtar knytt til rollefigurane i filmen. Film er eit karakterdrive medium, og blodet på plakaten kan knytast opp mot ein eller fleire av rollefigurane. Det tomme rommet rundt blodet og barberbladet kan tolkast som at livet deira er lite meiningsfullt utover det som skjer på hotellet i St. Pauli.

I ein kulturell kontekst

Plakaten til Hotel St. Pauli har eit minimalistisk uttrykk når det kjem til utforminga. Det gjer den vanskeleg å knyte opp mot noko bestemt, enten gjennom referansar eller i ein kulturell kontekst. Men to delar er viktig å setje inn i ein kontekst, det er namnet St. Pauli og barberbladet. St. Pauli er eit område i Hamburg med lange tradisjonar som eit område for rekreasjon og underhalding. Lokalisert nær hamna, har område i lange tider vore mykje besøkt av sjømenn og andre reisande. Gata Reeperbahn ligg i dette område, og er senteret i red-light district i Hamburg. Eit område med prostitusjon, nattklubbar, strippeklubbar, sex shops, bordell og det som høyrer til.

Barberbladet i kopling med blod gir negative konnotasjoner. Kutting av blodårer med barberblad er ein av mange fæle måtar å ta livet sitt, eller forsøk på å ta livet sitt. Utan å byrje ein diskusjon om måtar å ta livet sitt på, vil eg trekkje fram kutting med barberblad som ein langsam og smertefull måte. Det er heller ikkje sikkert at det her handlar om å ta livet sitt. Barberblad kan òg bli brukt til sjølvskading som uttrykk for personlege problem, eller til å skade andre.

Logoen og verkemidla som er brukt for å forme den, har trekk som er like med tittelutforminga til Drømmeslottet. Men der Drømmeslottet glir inn blant fleire element, utgjer barberbladet, blodet og filmtittelen brorparten av plakaten til Hotel St. Pauli. Utforminga av logoen var ein del av ein større heilskap på plakaten til Drømmeslottet, og gav meir meining når det stod i lag med utvalet av folk i bildet. Her har logoen blitt eit uttrykk som står nærast åleine, og må vektleggjast ut i frå dette. Det går igjen i plakatar til filmar av Svend Wam og Petter Vennerød at dei er ein spesiell vri med utforminga av logoen.

Hotel St. Pauli kan minne om ein teaser-plakat med den minimale utforminga, hadde det ikkje vore for kredittblokka i botnen. Kredittblokka brukar ikkje å vere med på teaser-plakatar. Fleire teaser-plakatar nyttar seg ofte av ein enkelt logo, der det er gjort ein spesiell vri på den. Dette er eit verkemiddel som kan skape blest om ein film, når folk byrjar å spekulere på kva handlinga vil dreie seg om. Internett er eit stort forum for ryktespreiing. Teaser-plakatar og andre små hint skapar lange diskusjonar omkring handlinga til ein kommande film lenge før den kjem på kino. Krediteringa og andleta på denne plakaten er i større grad ei stadfesting av kven som er med enn kva som skjer. Plakaten for den norske filmen X er ein som ser meir ut som ein teaser-plakat, då den i større grad har teke avstand frå å bruke kredittblokk eller skodespelarar.

Hotel St. Pauli 1988 plakat - Filmdagbok