Hotline Miami 2: Wrong Number (2015)

Spel / 14. mars 2015
4/5

Hotline Miami 2: Wrong Number er oppfølgjaren til spelet Hotline Miami frå 2012. Eg spelar lite, men dette er et eg har venta lenge og mykje på.

Det følger opp med den same pikselerte og todimensjonale stilen som sin forgjengar, og har også et større og splitter nytt originalt lydspor. Artistar som Mitch Murder og MOON er tilbake.

Det er også fleire brett i Hotline Miami 2: Wrong Number. Dei er omtrent like gode som før, men siden dei er fleire blir det kanskje litt for mange. Dette er med på å trekke ned. Eg får rett og slett ikkje lyst til å spele dette samanhengande, og må legge det frå meg.

Elles er det meste på plass her. Det er en ny historie som er meir omfattande, men omtrent like snodig som det Hotline Miami hadde. På mange måtar er dette spelet kva du kunne forvente og ønske seg, nemleg ei forlenging av kva som gjorde det førre bra.

Hotline Miami 2: Wrong Number 2015 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Hotline Miami

Regi

Jonatan Söderström, Dennis Wedin

Sjangrar

Action, Krim, Thriller

Land

Sverige

IMDb

IMDb-side om Hotline Miami 2: Wrong Number

Forfattar