Hotline Miami

Hotline Miami er eit skytespel med ein visuell og musikalsk stil som har sitt opphav i 1980-talet. Med sin pikselerte og todimensjonale grafikk ser det heile noko enkelt ut, men er utført med ei stø hand.

Dette er eit hurtig spel, kor du på ulike brett skal komme deg inn i hus, skyte ned ei rekke menneske og i blant hente eit objekt. Dør du under forsøket startar du brettet på nytt berre eit sekund seinare. Dette gir rom for eit tempo kor du kan prøve gang på gang utan å bli lei av venting.

Det heile blir framstilt som ganske så brutalt. Våpena og scenarioa er kreative, og blodet flyt når du er i gang.

Spelet har også framifrå musikk, som er laga spesielt for spelet av mange dyktige artistar. Det er blant mine favorittypar av elektronisk musikk, nemleg synthbasert og inspirert av 1980-talet.

Hotline Miami har ei historie som knyt det heile saman. Ho er prega av mystikk, syre og mykje fantasi. Ho er i stor grad uforståeleg, men bidrar til å sette deg i stemning og til humoren til spelet.

Hotline Miami 2012 plakat - Filmdagbok