H.O.T.S.

Året etter Animal House følgde H.O.T.S. i dei ideologiske fotspora til det som i ettertida blir rekna som blant dei ekte fedrane til collegekomedien. Unge, virile menn var blitt skifta ut med frisinna kvinnelege ungdommar, men konkurranseinstinktet og skitne triks var framleis til stades.

Kunsten for å skape den gode collegekomedien er å få fram noko meiningsfullt blant innslag av beer pong og wet t-shirt contests. For eksempel kan det å få fram kor vanskeleg det er å vere ungdom, vere vrient nok, då mange problem vil framstå som enkle hinder for det eldre publikummet. Komediar som utelukkande klarer å levere humor på grunnlag av billeg, fysisk humor, og er fråverande mykje av det karakterbyggande, kjennest gjerne tomme og går lett i gløymeboka.

At H.O.T.S. er ein lite omtala film i ettertida har å gjere med mangelen på tilknyting til karakterane. Det er lettare å kjenne igjen jentene her på kroppsformene enn kva rolle dei spelar. Hovudtråden i filmen er av det slaget som me kjenner til frå så mange collegekomediar, ein hemntokt mellom eit tradisjonsrikt og overlegent søsterskapshus med eit slaskete eit. Det er ikkje her filmen taper terreng, men rett og slett at det verken er hjarte i filmen, eller kompetente skodespelarar.

Forventingane var ikkje til stades, så H.O.T.S. skuffar ikkje, men filmen er langt frå god, og heller ikkje anbefalt. Av rølpete collegekomedie er til og med dei fabrikkproduserte videofilmane til National Lampoon betre.

H.O.T.S. 1979 plakat - Filmdagbok