Hours

Hours handlar om ein fyr som blir sitjande fast åleine på eit sjukehus i New Orleans, Mens orkanen Kathrina herjar og i ettertid. Han kjem seg ingen veg fordi han må passe på si nyfødde dotter i kuvøse, tilkopla eit dårleg reservebatteri.

Paul Walker spelar fyren, som kjemper ein kamp mot tida. Kvart tredje minutt må han snurre på ei sveiv for å lade opp batteriet. Samtidig må han finne løysingar på problem som dukkar opp undervegs.

Dette er både nervepirrande og tona ned. Mykje står og fell på prestasjonen til Paul Walker og den dårlege tida karakteren hans har. Meir enn det er strengt tatt ikkje filmen, men det er nok til at det blir bra nok. Og nok til at det held koken i ein og ein halv time.

Hours 2013 plakat - Filmdagbok