House M.D. (2004–2012)

Serie / 28. mai 2012
4/5

House M.D. gjekk i USA frå 2004 til 2012. Her i Noreg er det NRK som har sendt serien. House M.D. handlar om den geniale dritsekken av ein doktor, Gregory House (Hugh Laurie). Med eit team på tre–fire andre doktorar finn han ut kva som er feil med folk som andre doktorar ikkje finn ut av.

Kvar episode er ein ny sak, og kvar sesong er det nokon raude trådar som gjer serien meir interessant. Det forlokkande med serien er å prøve og forstå kven House er. Utover blir dette meir og meir klart, men likevel forblir han underhaldande og overraskande.

Eg starta med første sesong i 2004 og følgde serien fast ei stund, men frå og med andre sesong tok eg seriemaraton kvar sommar. Sidan kvar episode er bygd opp likt blir det repeterande i lengda, og ein sesong om gongen har akkurat vore nok for meg.

I fjerde sesong miksa serieskaparane på persongalleriet og introduserte eit nytt team for House. Tida for dette var god, og måten det vart gjort på tilfredsstillande. Dei gamle karakterane blei verande i bakgrunnen ei stund, og kom sidan tilbake i større roller. Evna til å vite kor tid ting må forandre seg har gjort at House M.D. har halde seg interessant nok over tid.

Eit av dei sentrale poenga i serien har vore pillemisbruken til House. Dette har bidratt til å skape mykje trøbbel for karakteren, og har blitt brukt for alt det har vore verdt i åtte år. Det står som eit eksempel på det meste som har med serien å gjere, ting skjer igjen og igjen, men det har fungert. Grunnen til dette? Kjemien og spenningen mellom karakterane har alltid vore god. House har vorte verande ein mystisk person, mykje takka vera at me aldri blir forklart heile historia hans. Fleire gode skurkar på film blir øydelagt av ei bakhistorie. Det skjer ikkje i House M.D.. Og ikkje minst har episodane moralske dilemma og universelle spørsmål opp til diskusjon, bak all faenskapen til House og sjukehussakene.

Dette er nokon av grunnane til at eg har likt House M.D. Og med unntak av ein ujamn tredje sesong er serien ein av dei mest stabilt gode seriane som ikkje har tapt seg over tid, til trass for stadig repetisjon av dei same premissane.

House M.D. 2004-2012 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Fox

Skapar

David Shore

Skodespelarar

Hugh Laurie, Omar Epps, Robert Sean Leonard, Jesse Spencer (I), Lisa Edelstein, Bobbin Bergstrom, Jennifer Morrison (II), Peter Jacobson (I), Olivia Wilde, Kal Penn

Sjangrar

Drama, Mysterium

Land

USA

IMDb

IMDb-side om House M.D.

Forfattar