House of Saddam

House of Saddam er eit dokudrama frå 2008 som handlar om Saddam Hussein. Om vegen til makta og fallet hans. Serien består av fire episodar på omtrent ein time kvar.

Dei fire episodane tar for seg fire tidsperiodar. 1979, 1988, 1995 og 2003. Som ein smakebit på kva denne mannen stod for og gjorde, er det interessant. Men trass i alt formidla som fiksjon, og dermed alltid diskutabelt i dokumentarisk forstand. Det er for så vidt andre dokumentarar også, men meir om det ein annan gang.

For meg overskuggar heile greia med å skulle vere eit dokudrama verdien i å fortelja dette på ein måte som gjer det til ein serie å leve seg inn i. Eg klarar aldri å investere meg sjølv skikkeleg, og oppbygginga av episodane er også noko kjedeleg i sitt firkanta kronologiske oppsett.

House of Saddam 2008 plakat - Filmdagbok