How About You…

Film · 2007 · · 20. desember 2013
3/5

How About You… er en britisk dramakomedie med gamle folk og unge Hayley Atwell.

Hayley Atwell spelar den yngre søstera som må trå til når den eldre søstera blir borte ei veke rundt jul. Den eldre søstera driv eit eldresenter, og sjølv om dei fleste gamlingane besøker familien sin i høgtida, så er dei fire vanskelegaste personane igjen.

Det ser altså ikkje ut til å bli ei lett jul for rollefiguren til Hayley Atwell.

How About You… er ein stemningsfull og sentimental sak. Håplause folk opnar filmen, og viser ikkje uventa betre sider etter kvart, på ein effektfull og fin måte. Hayley Atwell er dyktig og nydeleg, og blir støtta opp av flotte veteranar som Joss Ackland og Vanessa Redgrave.

Førebuinga og julefeiringa er topp. Det som trekk ned litt er at filmen blir for enkel, og litt for snill. Men som enkel sak er han altså grei.

How About You… 2007 plakat - Filmdagbok