How I Met Your Mother (2005–2014)

Serie / 2. april 2014
3/5

Serien og situasjonskomedien How I Met Your Mother har nyleg avslutta sitt ni år lange løp på kabelnettverket CBS i USA. Eg har følgt serien siden han byrjar i 2005, og burde sånn sett hatt en heil del å skrive, men eg vil holde det kort.

How I Met Your Mother er ein serie om fem venner som bur og jobbar i New York. Lily (Alyson Hannigan) og Marshall (Jason Segel) er eit par, mens Barney (Neil Patrick Harris), Robin (Cobie Smulders) og Ted (Josh Radnor) er einslege. Ted er kjerna i serien, den mest normale av dei, og han som er forteljarstemma bak serien. Det er ein komedie om forhold, stemnemøte, vennskap og ein del tull. Alt er meint å bygge opp til augneblinken Ted møter mora til ungane som han som forteljarstemme fortel alt dette til.

Det er lett å samanlikne serien med Friends, så eg gjer det: Serien er litt som Friends.

How I Met Your Mother var ei stund blant mine favorittkomediar, men rundt fjerde sesong var dette over. Etter det har serien for all del levert gode episodar, men har ikkje lengre fungert så godt i å spele på det emosjonelle. Ettersom serien då allereie hadde gått ein rundgang og gjort alt ein gong. Humoren har alltid fungert for min del, sjølv om også latterkulene har svunne hen, og dei siste par–tre sesongane har ikkje nødvendigvis levert godt nok her heller.

Kritikken til side, stort sett og gjennomsnittleg vurdert så er dette ein kurant situasjonskomedie. Eg meiner at serien vil fungere betre å sjå samanhengande enn enkeltvise episodar, og at det er eit godt val om du ikkje har sett serien. Gitt at du har sett legendariske Seinfeld, klassiske Friends, og ønsker ein langvarig og stabil situasjonskomedie å gå i gang med, som har sin del av romantikk og drama.

How I Met Your Mother 2005-2014 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

CBS

Skaparar

Carter Bays, Craig Thomas (II)

Skodespelarar

Josh Radnor, Jason Segel, Cobie Smulders, Neil Patrick Harris, Alyson Hannigan, Lyndsy Fonseca, David Henrie, Cristin Milioti, Marshall Manesh, Joe Nieves

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om How I Met Your Mother

Forfattar