How the Grinch Stole Christmas!

Oppe i fjellet bur Grinchen, og han likar ikkje julefeiringa som går for seg nede i Whoville, så han bestemmer seg for å sette ein stoppar for høgtida.

Kortfilmen frå 1966 er over timen kortare enn langfilmen How the Grinch Stole Christmas frå 2000, men manglar ingenting ved seg som Ron Howard gjer annleis i lag med Jim Carrey. Grinchen får både tid til å mislike, stela og levere tilbake tjuvgodset, då det går opp for han at jul er meir enn gåver og pynt.

Med ein så enkel, så viktig bodskap, er det ikkje nøye om årsakene til hatet i byrjinga forblir uvisst. Når i tillegg dette er ein sprek teiknefilm som både får fram sin eigen stil og aldri blir kjedeleg å sjå på. How the Grinch Stole Christmas! har i tillegg Boris Karloff som forteljar og stemma til Grinchen.

How the Grinch Stole Christmas! 1966 plakat - Filmdagbok