How to Make It in America (2010–2011)

Serie / 20. mai 2015
4/5

HBO-serien How to Make It in America fekk to sesongar på seg. Dette var nok til at eg etter kvart blei hekta, kunne tenke meg meir, men samtidig er glad for at serien gav seg på topp.

Det handlar om ein fyr som går inn for å lage jeans. Dette er ein knallhard marknad å få innpass på. Kunnskapen om denne bransjen er ikkje hovudkarakteren og partner og vennen hans si sterke side. Men dei gir seg i gang. Det blir mykje prøving og feiling, men samtidig er dette ei skildring av ein systematisk prosess med pågangsmot.

Å starte ei forretning og lykkast kan by på inspirerande og interessant fiksjon. How to Make It in America klarar etter mi meining å behandle tematikken på ein god måte. Enkeltvis er ikkje dette dei mest innhaldsrike og beste episodane, men sett saman er dette er sak som er lett å like og lett å bli hekta på.

How to Make It in America 2010-2011 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skapar

Ian Edelman

Skodespelarar

Bryan Greenberg, Victor Rasuk, Lake Bell, Eddie Kaye Thomas, Scott Mescudi, Luis Guzmán, Edgar Garcia, Michael Imperiale, Tuffy Questell, Shannyn Sossamon

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om How to Make It in America

Forfattar