How to Train Your Dragon: The Hidden World

2019 / Film
18. januar 2019
4/5

Den tredje og kanskje siste How to Train Your Dragon-filmen handlar om ein skurk som vil drepe alle dragar av typen som hovudpersonens drage er. Det handlar om å kjempe mot skurken, og å finne ei skjult verd der dragar kan leve fri frå å bli jakta.

I tillegg har me i How to Train Your Dragon: The Hidden World ei kjærleikshistorie som verkeleg stikk seg ut. Toothless som hovudpersonen Hiccups drage heiter, blir forelska i ein ny drage som dukkar opp, og som er av same art som han. Det er ei forelsking som for oss byr på både flaut humoristiske og rørande stunder.

Animasjonen i filmen er som med forgjengarane av ypperste klasse. Det er sjeldan eg ser og tenker så mykje over dette lenger, men her legg eg merke til eit fantastisk detaljnivå på alt frå treverk til skyer. Det er berre å setje seg tilbake og nyte kvaliteten.

Alt som trengs er på plass i denne filmen, som er over før eg får sukk for meg. Som bonus var kinosalen relativt tom, og publikum var så stille som det går an. Utan distraksjonar kjem ein god kinosal med høgt nivå på lyd- og bildeutstyr til rette.

How to Train Your Dragon: The Hidden World er kanskje best å sjå som oppfølgar, men kan moglegvis nytast som enkeltståande film òg. Eg ser derimot ingen grunn til å ikkje starte frå byrjinga med How to Train Your Dragon.

How to Train Your Dragon: The Hidden World 2019 plakat - Filmdagbok

Relaterte innlegg