Howl

Film / 2010
3/5

I 1955 gav poeten Allen Ginsberg ut diktsamlinga Howl and other poems. Språket og innhaldet var for kontroversielt og sterkt for enkelte. Forlaget som gav ut samlinga blei saksøkt for det nokon meinte var unødvendig språk, og den følgjande rettssaka blei ei framføring av kritiske diktanalysar.

I filmen Howl blir me fortalt tre historier: Livet til Ginsberg, portrettert av James Franco, som fortalt av han sjølv gjennom intervju, rettssaka frå 1957 og ei animert formidling av diktet Howl.

Gjennom erfaringane til Ginsberg og reaksjonane på diktet fortel Howl om ei tid som var moden for ein grundig debatt om ytringsfridom. Det er òg ein biografisk film om Ginsberg og det mest kjente diktet hans. Me får diktet lest til oss både i eit samtidig pubmiljø og til flotte animasjonar. Skulerte menn og kvinner legg fram analysane sine i rettssaka, og Ginsberg seier sitt i eit intervju.

Eg forventa ei tradisjonell livshistorie med sine toppar og dalbotnar. Biografiske filmar og filmar om forfattarar har ein tendens til å følge eit bestemt mønster, men Howl er ikkje ein sånn film. Her tolkar eg innhaldet som det viktigaste, og forma som ein måte å sette stemninga til å passe det snodige diktet på. Det er ingen eksperimentell film på den måten, men kanskje ein film for den diktinteresserte?

Dikt har aldri vore mi greie. Enkelte folk har motvilje til å lære om data, eg har ein ukontrollert motvilje til å lytte på dikt. Forma til Howl fall ikkje i smak for meg, og siteringa av diktet blei verre å følge med på. Verdien av innhaldet og diktet si rolle i samtida kjem likevel godt nok fram til at eg får utbytte av filmen.

Howl 2010 plakat - Filmdagbok

Publisert

9. mars 2012 av

Regi

Rob Epstein, Jeffrey Friedman

Manus

Rob Epstein, Jeffrey Friedman, Allen Ginsberg

Skodespelarar

James Franco, Todd Rotondi, Jon Prescott, Aaron Tveit, David Strathairn, Jon Hamm, Andrew Rogers (IV), Bob Balaban, Mary-Louise Parker, Heather Klar

Sjangrar

Biografi, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Howl