Høysommer

Film · 1958 · · 26. august 2008
4/5

Rasmus er vakt i eit fyrtårn og held til åleine eit stykke utanfor sivilisasjonen. Ein dag driv det ein båt inn i bukta og i han ligg det ei pen, ung kvinne.

Kvinna om bord i båten er Nina. Nina har rømt frå ein kvileheim og er ettersøkt av både ektemann og politi. Rasmus let mot sin vilje overtalast til å la Nina vere over natta, og før han får sukk for seg let han overtalast igjen. Kjenslene bryggast opp før han får kontroll over dei.

Utan å ha sett nok Ingmar Bergman til å verken stadfeste eller avkrefte det fekk eg høyre at denne filmen har likskapar til filmar av Ingmar Bergman. På overflata er øya på høgsommaren ein svært idyllisk stad som heilt framifrå er fanga på film av ein dyktig fotograf. Under overflata ulmar det av mørkare og meir innvikla personlegdommar som gjer dette meir enn til ein lett sommarflørt.

Med tanke på skodespelet har eg ingenting nemneverdig å utsette på denne. Dialogen er stort sett av det stivare, formelle slaget, men det er ein sak knytt til tida filmen vart laga i. Det er ganske lett å komme over og som eg fort finn ut at passar utmerka til skodespelet karakterane driv for kvarandre, da spesielt Nina overfor Rasmus. Eg lærer meg altså å sette pris på dette etter kvart.

At Høysommer ved eit par plassar kan kjennast litt for lang er det einaste eg blir brydd av, elles er han ein fin film.

IMDb-logo
Høysommer 1958 plakat - Filmdagbok