Hulk

Film · 2003 · · 17. september 2007
3/5

Ang Lee har laga fleire flotte filmar. Hulk er ikkje ein av desse, men ein helt midt på treet actionfilm om eit grønt monster.

Eric Bana spelar Bruce Banner som blir til Hulk når han blir sint. Me får servert opphavshistoria i denne filmen. Filmen tar seg god tid til å bygge opp sine karakterar, vise oss kva dei står for og forklare samanhengande for oss.

Så må Hulk komme, og etter dette snur filmen til å bli mest action og lite god handling. Etter ei stund blir det litt kjedeleg, då det er uklart kva filmen vil. Er han seriøs eller går han for meir komisk action?

IMDb-logo
Filmfront-logo
Hulk 2003 plakat - Filmdagbok