Human Giant
MTV-serien Human Giant er eit sketsjprogram av variabel kvalitet med ein gjeng komikarar som i skrivande stund har spela i fleire seriar og blitt relativt kjente. Hovudsakleg Aziz Ansari, Rob Huebel og Paul Scheer.
Det er ei stund sidan eg blei ferdig med serien, men eg hugsar framleis nokon av innslaga som hysterisk morosame. Andre hugsar eg som dårlege, og dei fleste har eg gløymt. Med andre ord gjorde denne serien seg nok merka innanfor den type serie det er, til at eg moglegvis kan anbefale fans av denne typen seriar å sjekke ut Human Giant.
