Humorous Phases of Funny Faces

Film · 1906 · · 17. april 2021
2/5

Kortfilmen Humorous Phases of Funny Faces frå 1906 er sett på for å vere den første animasjonsfilmen som blei laga med standard filmrull.

Filmen inneheld vanleg filming og punktfilmfotografering der teikingar på ei tavle blir endra, eller utklypte figurar blir flytta rundt.

Som nokre andre tidlege filmar frå denne perioden blir dette fort ein demonstrasjon i moglegheitene, framfor å gi oss ei samanhengande historie. Filmen er soleis ikkje så engasjerande, då han manglar dramaturgien for å trekke meg inn. Men sett på som ein del av tidleg filmhistorie så er dette ein artig observasjon.

IMDb-logo
Humorous Phases of Funny Faces 1906 plakat - Filmdagbok